BTI-rettleiaren :
- Nivå 0 og 1 støtter opp under arbeidet med Tidleg innsats
- Nivå 2 og 3 støtter opp under arbeidet med tverrfagleg samarbeid
Tidleg innsats betyr at ein skal setje i gong tiltak for gravide, barn og ungdom med ein gong det er behov for det, når som helst, både ved helsestasjonen, i barnehagen og i skuleløpet. Ein skal også sørgje for systematisk og langsiktig oppfølging, så lenge det er behov for det.
Formålet med tidleg innsats er å førebyggje utvikling av samspels- og åtferdsproblemer, fysisk og psykisk helseproblematikk, skuledrop-out, unge uføre, rusmiddelmisbruk og andre formar for utanforskap.
Sula kommune har ein digital BTI-rettleiar med tilhøyrande verktøy som tilsette i vår kommune skal nytte når ein jobbar med gravdie, barn, unge og deira familiar. Målet med BTI-rettleiaren/handlingsrettleiaren er rett hjelp til rett tid, tidleg foreldreinvolvering, høyre barnets stemme og tverrfagleg innsats når det er behov for det.
Formålet med ein digital handlingsrettleiar er at alt ein treng er samla på ein plass:
- sikrar barnets stemme og barnets beste vurdering
- sikrar tidleg foreldreinvolvering
- gir oversikt over kva for verktøy ein kan nytte på dei ulike nivå (0-3)
- informasjon om tenestene i kommunen
- kontaktinformasjon på tenestene i kommunen
- sikre felles praksis
Nyttige verktøy og rutiner:
- Observasjonsskjema
- Rutine for handsaming av §9a Opplæringslov (KJEM)
- Skjema for dokumentasjon kapittel 9A
- Skjema – krav til intensiv opplæring 1-4 trinn
- Signal på manglande trivsel
- Skala for uro barn og unge
- Tips til samtale med barn
- Skala for uro for foreldre
- Førebuing og gjennomføring av den viktige samtalen
- Informasjon om Stafettloggen
- Digitalt samtykke til oppretting av Stafettlogg
- Papirbasert samtykke til oppretting av Stafettlogg
- Møtemal Stafettlogg
- Samtykke til tverrfagleg samarbeid – nivå 2 og 3
- Mal for invitasjon til tverrfagleg møte
- Førebuing og gjennomføring av tverrfaglege møte