Samhandling og samordna tenester handlar om å strukturere samarbeidet og sikre framdrift.
Med ein klar struktur vil BTI-rettleiaren bidra til å styrke samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.
På Nivå 0 og 1 i BTI-rettleiaren er det helsestasjon, barnehage eller skulen som samhandlar med den gravide eller barn/unge og deira føresette.
På Nivå 2 og 3 blir hjelpetenester invitert med i samhandlinga (til dømes helsestasjonen, lege, psykisk helseteneste, PPT, barnevern).