UNDER ARBEID!
Medverknad er ein lovfesta rett. Brukar har rett til å medverke og kommunen har plikt til å involvere brukaren.
Som nemnt under «indivdinivå» skal barn og unge, og deira meiningar alltid vektleggast i økande grad etter alder og modning i saker som gjeld dei. Dette er nedfelt i både Barnekonvensjon og i Norges grunnlov, §104, og er noko som alle tenester må sørge for å ivareta på best mogleg måte.
Dette er også spesifisert i Barnehagelova §3 og opplæringslova.
I Sula kommune praktiserer ein også brukarmedverknad gjennom ulike etablerte forum:
- Brukarråd
- Ungdomsråd
- Kommunestyre
- Utvalsmøter
- Brukarundersøkingar
Med bakgrunn i analyse av ulik informasjon som kommunen henter inn, vil tenester og tiltak bli evaluert på kommunenivå.
Døme på dette kan vere:
- Brukar- og medarbeidarundersøking
- Tertialrapportar
- Årsmelding
- Tilsyn
- Ståstadanalyse (barnehage og skule)