Internkontroll skal sørge for at vedtatte prosedyrar vert følgde og at pålagde og planlagde oppgåver vert gjennomførte.
Kvalitetssymstemet til Sula kommune er RISK manager.
Som kommunalt tilsett logger du inn her.
Ved avvik skal ein melde frå om det via egne skjemar i avviksystemet.
Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.
- Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Sula kommune er det ofte Fylkesmannen i Møre og Romsdal som utfører tilsynet, men det kan også vere Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.
- Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kommunestyret sine vedtak. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnader, og om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert følgt.