Om samhandlingsmodellen
Samhandlingsmodellen er utvikla for å synleggjere korleis vi jobbar i kommunen for å sikre at alle gravide, barn, unge og føresette har nokon som ser dei og som kan sikre dei får rett hjelp til rett tid.
Målet med modellen er at den skal bidra til endå betre samarbeid og samhandling. Den er bygd opp slik at den skal synleggjere ansvar, rutinar, verktøy og planar for tre ulike organisasjonsnivå i kommunen.
Vidare hjelper modellen Sula kommune i arbeidet med å:
- Utvikle verktøya vi har for å bli merksame på og følgja opp gravide, barn, unge og familiar som har behov for hjelp
- Styrke det tverrfaglege samarbeidet på tvers av tenester og nivå
- Auka kunnskapen til våre i tilsette i arbeidet med utsette barn
- Styrke brukarmedverknaden til gravide, barn, ungdom og føresette
Samhandlingsmodellen er delt i tre nivå: kommunenivå, tenestenivå og individnivå.